Untitled Document
 
 
 
  Mentorordning

 

  Lær av erfaren gründar og leiar – bli med i Kvinnovasjon si mentorordning

Målgruppe
Kvinnelege gründarar med ambisjonar og målsettingar

Mentor: Ein erfaren person som hjelper ein annan i si utvikling
Adept:   Personen som får tildelt mentor

Omfang

  • 7-9 samtalar a 2 timar mellom adept og mentor omlag ein gong i månaden
  • Oppstartssamling 18. nov kl 15-17.30
  • Fellessamling og rådgjeving undervegs
  • Avslutningssamling vår/sommar 2011
  • Pris kr 2 800, betalast ved tildelt mentor
  • Søknadsskjema finn du nederst på sida
 
  Kva er mentorordning?

Om mentoring

Ein mentoringrelasjon mellom mentor og adept er ein relasjon der begge partar lærer og utvikler seg. Hovedfokuset i relasjonen er på adept; kor han/ho er, kor adept vil og korleis han/ho skal kome seg dit. Mentoren har gjerne meir erfaring enn adept, og finn saman med adept fram til dei erfaringane som er relevante for adept. Mentor lytter til adept, stiller spørsmål og formidler eigen relevant erfaring. Mentor kan også vere rådgjevande og bruke sin ekspertise overfor adept.

 

Adepten kan gjennom mentoringrelasjonen få:

  • auka kunnskap og innsikt i ulike aspekt av nærlingsliv og leiing
  • innspel til personleg utvikling og utvikling av eigen karriere
  • betre tryggleik på eigen rolle og identitet
  • hjelp til val og avgjerdsler
  • støtte og utfordring
  • ein fristad der utfordringer og situasjonar kan bli drøfta ope

 

Mentorordninga i Kvinnovasjon

Erfarne og kjende næringslivsleiarar i Rogaland blir mentorar i Kvinnovasjon si mentorordning. Den ideelle mentor er interessert i å hjelpe andre til å lukkast, har ikkje fokus på seg sjølv, er ein god lyttar og kommunikator og synast det er artig å vere mentor
Gjennom ein ”koblingsprosess” finn vi fram til mentor og adept som kan passa til kvarandre. Det vert oppfølgjing undervegs og individuelle korrigeringar og tilpasningar dersom det er nødvendig.

Meir informasjon:

Marit Størseth, marit.storseth@ipark.no  tlf: 475 00 045
 

 
  Fyll ut søknadsskjema

Skriv kort i tekstfelta. Dersom du får problem med å fylla ut skjemaet, kan du gjerne senda ei melding til marit.storseth@ipark.no

 
Form Object